Handlaga i Brekke
Slettevollen gardsysteri held til i Brekke, ved Sognefjorden. På garden vår foredlar me litt av mjølka sjølv til ost og syrna mjølkeprodukt. Me lager Salatost, Steikeost, Oskepott, smørbar kremost, jogurt, surmjølk, rømme og skjørost. Hausten 2023 fekk me eige ysteri på garden, så no går mjølka gjennom veggen og direkte opp i ystekaret.
I familiebedrifta er det Cathrine som yster og har kontroll på ostane medan Håvard har ansvar for kvaliteten til mjølka og fôret, og at dyra er fornøgde. Nært samarbeid sikrar kvaliteten på produkta. I tillegg er det nokre gutar i familien som er spesielt opptekne av kalvane og som gjerne bidreg med kalvestell.
Fjøset er bygd om til lausdrift der kyrne sjølv kan bestemme kor tid dei skal mjølkast. I sommarmånadane beiter mjølkekyrne på den grøne bøen ned mot sjøen, og går inn for å bli mjølka. Me er opptekne av å bruke mest mogleg lokalt fôr utan at det går ut over kvaliteten på mjølka. Grovfôret gjennom vinteren er ensilert gras frå Brekke.
Cathrine har i tillegg ein stor interesse i kjøkkenhage, så krydder til produktene blir dyrka lokalt på garden eller plukka i naturen.
